DamegruppenTreningsrapport

Dametrening

Godt å vera på hjul igjen, og jillt å treffa igjen BCK damer. Randi, Trude og Mari S gjennomførte ei god treningsøkt i eit ellers kaldt ver. Det er riktignok vår, men varmen let venta på seg. Mari blei utnevnt til leiar av løypeval, dette til dei andre deltakarane sitt beste! Stikkord: Stedsans, eller mangel på sådan!

Ettersom me har merka oss, har det blitt danna ein del Team i sykkelmiljøet, og dette hadde me som eit tema under den 3 timer lange treningsturen vår. Skulle me og danna eit team? Og navnet på teamet? Forslag som kom var nok eit resultat av Melsheia’ s mange oppoverbakker med dertilhøyrande fysisk påkjenning. Det er ikkje alt ein treng å referera! Men, om du møter på BCK sine lørdags dametreninger, vil du få med deg alle diskusjonar og kommentarer «live»! Bare eit tips ifrå oss tre.

Me var einige i at det var godt å vera i gang igjen med desse gode treningsturane og at Mari valgte ei god løype til oss. Takk for turen damer. Mvh Trude

Share this nice post: