Bryne CK på Cuba igjen!

Posted on Posted in Ute på tur!, Veldedighet

OLYMPUS DIGITAL CAMERAHei Bryne CK

Det var veldig populært med gaver frå Bryne CK!
Bileta viser sykkelritt søndag morgon, fast aktivitet med 150-200 deltakarar mellom 8 og 75 år. Kjem frå Playa Barakoa (der prosjektet held til) og nærliggande landsbyar.

Det hadde vore heller skrint med premiar siste tida. Så då eg kom med baggar frå BSK var det stor begeistring. Alt føregår manuelt, dei skriv lister over deltakarane med penn og papir. Stoppeklokke og tidtaking på alle. 3 beste blir hylla og applaudert, men all premiering føregår ved loddtrekning. Så etter rittet er avslutta, står alle i ring rundt Jan (the boss). Namn blir trekt og han kastar ut premiane til dei som har vunne. Då er det reine julafta, men mykje meir latter, skrål og støy enn vi er vant med.

Ein del av bileta viser Cubas beste syklist. Jan «oppdaga» henne som 12-åring og er den som har gitt henne utstyr, motivert og lagt til rette. Ho kom på 8.plass i OL i London. Utrulig bra sett ut frå at ho har veldig begrensa støtteapparat og enklare utstyr enn dei fleste ho konkurerer med.

Stor takk til Bryne CK. Gavene og alt utstyret var veldig populært og er til stor nytte for mange. Lovte å overbringa dei varmaste helsingar frå Cuba!

Ragnhild Aanestad

Se bilder.

Share this nice post: