Treningstur med damene!

Posted on Posted in Damegruppen, Treningsrapport

Klokka 09.00 møtte ni morgonfriske damer opp ved kinoplassen. Viktige og uviktige ting var sett  til side for ei god treningsøkt. Me sette kursen mot Sandnes der me fekk følge av to til som ville vera med. I dag var det vind som kjendes, slik det bruker å vera på Jæren, så me la turen opp i mellom fjella. Opp med Hana, om Sviland til Figgjo. Her delte me oss eit stykke, der nokre tok vegen og andre sykla langs jernbanen. Frå Ålgård var det strake vegen heim med vind i sida og dels i ryggen. Her takka halvparten for seg og svinga av mot Kverneland, mens me andre behagelig følgte vinden til Bryne. Eit par var med for fyrste gong – kjempegildt! Og det er enda plass i fleire. Kjempetur! Her var det ikkje bare glede i kvart tråkk, Frode, her var det også skravling i kvart tråkk 🙂  Mvh Lise

Share this nice post: